Styreleiar Hans Gisle Holstad i Hareid fastlandssamband avviser at prislappen på sambandet mellom Hareid, Sula og Ålesund vil kome opp i 15 milliardar kroner Foto: Anne Gry Eilertsen

Ifølgje Sunnmørsposten skal vegvesen-direktør Kjetil Strand ha uttalt at Hareid fastlandssamband vil koste 15 milliardar kroner, eller meir. Strandaordførar Frank Sve har blitt opptrekt over påstanden til Strand, og meiner han bør halde seg til det arbeidsgruppa har sagt; at Hafast vil koste om lag seks milliardar kroner.

Og Sve får støtte frå Hans Gisle Holstad, styreleiar i Hafast.

– Statens vegvesen har sagt at Hafast vil kome på seks milliardar kroner, pluss minus 40 prosent. Det vil seie at prislappen vil ligge ein stad mellom 3,6 milliardar og 8,6 milliardar kroner, oppsummerer Holstad.

– Også Ørsta og Volda har sagt ja til Hafast

Styreleiaren i Hafast meiner det er stor semje i kommunane på Sunnmøre om at Hafast er det fastlandsprosjektet som no skal prioriterast.

– Også Ørsta og Volda. På eit regionrådsmøte i august 2003 var dei to kommunane med på eit vedtak om at Hafast skulle prioriterast, seier Holstad til Vikebladet Vestposten.

Det same gjorde styret for Eiksundsambandet i 2003.

Holstad meiner det nye no er at kommunane nord om Breisundet, Ålesund og Sula, i tillegg til Stranda og Sykkylven, også støttar Hareid fastlandssamband.

Usemja går på stamveg

– Usemja går på om Hafast skal vere stamveg. Og den utgreiinga startar 27. mai i år. Uansett meiner eg det er full semje blant kommunane på Sunnmøre om at Hafast er det fastlandsprosjektet som no skal prioriterast, oppsummerer Hans Gisle Holstad