Eli Skaatun, Einar Warholm og Gunn Berit Gjerde toppar venstrelistene lokalt og på fylket. Etter stadig fleire førespurnader frå folk som ynskjer seg gangveg, slår dei seg saman og vil arbeide for at gang- og sykkelveg over Hareidseidet skal få fyrsteprioritet på lista til fylket.

Fire år

Gangveg over Hareidseidet må kome i løpet av dei neste fire åra. Behovet for ein slik veg her er aukande, seier dei, og forklarar at for å få realisert planen må begge kommunane ha denne vegen øvst på sine lister til fylket. Det er ikkje lange vegbiten som skal til før folk kan både gå og sykle trygt over eidet, og det er fullt mogleg å få til, meiner dei. Politikarane har merka ei stadig aukande interesse blant innbyggarane for å sykle både til jobb og på fritida. Dessutan er det mange ungdommar som ferdast i området. Folkehøgskulen har flytta til Varleite, og ein slik gangveg er heilt naudsynt for at elevar frå Hareid skal kunne sykle til Ulstein vidaregåande skule, forklarar dei. Ved bygging av denne gangvegstubben, vil det bli samanhengande gang- og sykkelveg frå Ulstein til Brandal.

Utval har sett på saka

Hareid kommune har sett ned eit utval for å få fortgang i bygging av gangveg over eidet. Dette utvalet har klargjort kva som må til for at vegen skal byggjast, og leiinga i begge kommunane har fått oversendt arbeidet. No må vi ta fatt i dette og saman få bygt dei få kilometerane som står att før Ulstein og Hareid er eitt "sykkelrike", seier venstrekandidatane. Dei meiner dette er ei viktig sak med tanke på trafikktryggleiken, men den har òg positive helse- og miljøgevinstar. Warholm, Gjerde og Skaatun er samde i at folk bør bruke sykkelen meir, for det er bra både for kroppen og miljøet. Dei presiserer at det er enkelt å lage gangveg på strekninga, for terrenget er flatt og krev ikkje utskyting av masse. Det er opp til Møre og Romsdal fylke å løyve pengar til prosjektet, for det er dei som har ansvaret for gangveg ved fylkesveg.