(Møre-Nytt): Det melder Helse Møre og Romsdal på si nettside.

Med meir smitte i samfunnet aukar også omfanget av pasientar med Covid-19 som skal til sjukehuset for å få behandling for annan diagnose. Det er difor behov for at fleire sjukehus kan ta imot desse pasientane til akutt hjelp.

Pasientar med behov for akutt hjelp har fram til no blitt tatt imot ved Molde og Ålesund sjukehus ved positiv koronatest.

– No skal alle sjukehusa i Helse Møre og Romsdal ta imot denne pasientgruppa, fortel fagdirektør Torstein Hole.

– For planlagt behandling der pasienten har mistanke om smitte skal pasienten framleis ta kontakt med aktuell avdeling, understrekar fagdirektøren.

Pasientar som blir innlagt på grunn av Covid-19, eller der ein mistenker Covid-19 som årsak til tilstanden, skal framleis behandlast ved Molde eller Ålesund sjukehus.

Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.