Vikebladet Vestposten har fått eit tips om at kronsprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit gjekk i land på Hareid i går kveld, onsdagskvelden.

På kalenderen til kongefamilien står det ikkje noko om at dei har oppdrag på Hareidlandet, men kronprinsparet skal stå for den offisielle opninga av Måløyraidsenteret, eit krigshistorisk kunnskapssenter på Måløy i dag, torsdag 23. august.

Hareidsordførar Anders Riise kjenner ikkje til at dei var på Hareid i går.

Lokalavisa ringjer Slottet for å høyre om det stemmer at kronprinsparet var på Hareid i går.

– Kronprinsparet gjekk ombord i kongeskipet Norge på veg til oppdrag på Måløy, seier kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjerulfsen på Slottet. Utover det vil han ikkje kommentere saka. – Det er ikkje meir å seie om det.

Ifølgje kalenderen skal kronprinsen vere til stades på statsråd i Oslo i morgon, klokka 11.00.