Søndag kan så mange som 35.000 tilsette rundt om i landet bli tekne ut i streik.

Det gjeld også lokale verksemder, og ein eventuell streik vil også gå ut over ferjesambandet Hareid - Sulesund.

Ifølgje Norled vil ein strek føre til at sambandet berre vil bli trafikert av ei ferje. Det vil då berre vere A-ruta som går.

Det er frå før redusert kapasitet i B-ruta, samt inga C-rute på sambandet. Det er på grunn av at MF Tidefjord er på årleg verkstadopphald.