Fotballen:

– Det er aldri nokon garanti, men det ligg vel i korta at eg stiller frå start, seier Steffen Moltu om laurdagens kamp mot KFUM i Oslo.

31-åringen frå Gursken vert dermed den 27. Hødd-spelaren som bikkar 300 kampar.

– Eg tenkjer ikkje mykje på det, men det er klart at eg er stolt! Det er ikkje så mange som har oppnådd dette dei siste åra.

Han er inne i sin åttande sesong for Hødd sitt A-lag. No er han kaptein.

– Eg meiner sjølv at eg bidreg med stabilitet og tryggleik, eg står for kontinuitet. Det er kanskje det vi treng no, det har vore mykje utskifting dei siste åra, både på trenar- og spelarsida.

Han er den einaste som er igjen i Hødd frå laget som tok cupgull i 2012. Sigeren mot Tromsø rangerer han som eitt av to desiderte høgdepunkt i livet.

– Vi var underdogs heile vegen, og vi heldt på rykke ned det året. Av dei som spelte på cuplaget, er 50–60 prosent no i høgare divisjonar. Resten har gått andre vegar, det er berre eg som står igjen som han som nektar å gje seg i Hødd, ler Moltu.

Fram til han var ferdig med vidaregåande, spelte Steffen i lokalfotballen for Larsnes/Gursken og Bergsøy. Så var han på prøvespel for Hødd.

– Då var Sture Fladmark trenar. Det vart ikkje nokon kontrakt, så då flytta eg til Ålesund og spelte på Skarbøvik. Etter eit og eit halvt år der tok Fladmark over som trenar, ironisk nok. Skarbøvik rykte ned i 2010, og då tok Hødd kontakt, fortel Moltu.

Han er 1,94 høg, er fysisk sterk og har fast plass i forsvarsrekkja.

– Å spele kampar, vinne kampar, det er det som driv meg. Ja, heile opplevinga, møte nye folk. Og mi oppgåve er å bidra til at vi slepp inn færrast mogleg mål, seier Moltu.

Og utruleg nok: på alle desse åra har han aldri stått over ein kamp på grunn av skade.

Jobben:

Det går ikkje an å leve av å spele 2. divisjonsfotball. Steffen Moltu har seksti prosent jobb hos Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik. Utdanninga som byggingeniør tok han på Høgskulen i Ålesund.

– Ja, eg studerte medan eg spelte for Skarbøvik. Målet mitt har heile tida vore å ta ei utdanning, for eg såg vel ikkje føre meg ein toppfotballkarriere. Eg kom ikkje til Hødd før det året eg fylte 25 år, og det er vel lite truleg at eg får tilbod frå ein klubb i høgare divisjonar no.

Kva går jobben din ut på?

– Vi har arkitektar her som designar og utviklar idear. Så kjem vi ingeniørar inn i bildet og lagar teikningar som det skal vere mogleg å bygge etter. Eg trivast veldig godt, det er aldri ein kjedeleg dag.

Familien:

Steffen Moltu budde i Ålesund til 2013. No har han slått seg ned på Leikong. Han og sambuar Lone Petersen Sundgot, som er frå Larsnes, kjøpte seg hus der i 2015.

– Vi har vore i lag i ti år og nokre veker, og eg håper det vert mange tiår til, seier han, og held fram:

– Du spurde i stad om høgdepunkt i livet mitt. Cupfinalen er sjølvsagt høgdepunktet i fotballkarrieren, men å verte far, var også eit desidert høgdepunkt.

I februar 2016 vart Zackias fødd.

– Det var ei omvelting, å verte foreldre snur opp ned på alt, du bestemmer ingen ting sjølv lenger- men det er det vel verdt! Eg har fått følgje han no i to år, det er mykje frustrasjon men endå meir glede. Det er stort!

Så fødselen kolliderte ikkje med fotballen?

– Jau, eg vart heime då resten av laget reiste på treningsopphald til La Manga. «Dokke får ta dokke ein tur, eg blir heime», sa eg til resten av laget. Og vart møtt med stor forståing frå alle, heldigvis. Det valet står eg for, eg hadde ikkje ville gjort det annleis.

Framtida:

31-åringen fyller 32 i august. Når han laurdag spelar sin kamp nummer 300, er det langt frå slutt.

– Det ligg i korta at eg kjem til å avslutte fotballkarrieren min i Hødd, men kva tid det blir, er usikkert. Eg tek eit år om gongen. Eg er kanskje ikkje gamal i fotballsamanheng, kanskje meir tilårskomen?

Kva kjem du til å sakne den dagen du er ferdig med fotballen?

– Alt. Miljøet, klubben og ikkje minst dei frivillige som går der og jobbar dugnad.