I førre veke skreiv Vikebladet Vestposten om Hjørungdal gard der grasavlinga var halvert etter den første slåtten på grunn av lite nedbør så langt i år.

– Sett i lys av ein krevjande sommar med lite nedbør og tørke, ønskjer eg at Hareid kommune set fokus på driveplikta for dei landbruksområda vi har i kommunen, seier Anders Riise.

Gror att

Over tid har ein sett at mykje areal ikkje vert drive og dermed gror att.

– Dette gjeld ikkje berre bratte lende og småbruk, men også store og lett tilgjengelege areal, meiner Riise.

Han ønskjer å få ei oversikt på dette slik at ein kan byrje å stille krav til dei som ikkje oppfyller driveplikta.

– Den akutte fôrmangelen som er under oppsegling no, kan vi ikkje unngå. Vi kan bu oss på framtida ved å sørgje for at dei bruka og areala som er avsette til landbruk i kommuneplanen, faktisk vert drive i tråd med gjevne konsesjonar, seier han.

Ber om sak

Han har bede rådmannen om å lage ei sak til NMU (Nærings- og miljøutvalet) og FSK (Formannskapet) på korleis Hareid kommune kan setje krav for at produktivt areal vert slått og beiteareal vert utnytta betre enn i dag.

– Eg veit om fleire som lurer på å satse større, men då er dei avhengige av at nokon er villige til å selje eller leige ut areal i minimum 10 år, fortel Riise.

Grunnen til at 10-årsregelen er sett, er at det tek tid å opparbeide gode jordbruksareal.

Han synest det er uheldig at verdifulle landbruksareal gror igjen. Beitepussing kan vere eit midlertidig tiltak, men er ikkje i tråd med driveplikta og kan berre nyttast i ein kort periode. Driveplikta inneber beiting eller at graset vert slått til fôr for dyra.

– Eg ønskjer ei meir aktiv oppfølging av driveplikta frå kommunen si side, seier han.

Landbrukskontoret har gjeve tilbakemelding til ordføraren om at dei vil kome med ei skisse for framdrift etter ferien.

illustrasjonsfoto: Over tid har ein sett at det gror att fleire stadar på Hareid. Foto: Ingvild Myklebust Hovden