Festivalsjef Line Urke har endeleg fått sove sju timar i strekk då vi snakkar med henne på måndag. Ho høyrest forbausande opplagt ut etter ei hektisk festivalhelg der det har vore mykje arbeid, mykje skøy og lite søvn.

Ho seier seg godt nøgd med årets arrangement og trekkjer særleg fram Ta Sjansen og konserten med Rotlaus som dei største høgdepunkta under Trebaatfestivalen.

Godt samarbeid

– Vi har hatt eit kjempegodt samarbeid med politi, Sørøyane Røde Kors og brannvesenet, roser festivalsjefen og fortel at det kan vere ei utfordring å halde styr på 1500 Rotlaus-fans etter ein konsert.

– Dei rundt 50 frivillige som har tatt del under festivalen har også gjort ein heilt fantastisk innsats, seier Urke som særleg trekkjer fram asylmottaket.

– Ved Link har dei vore utruleg flinke til å informere dei som bur der om at dei kan få vere med som frivillige under Trebaatfestivalen, seier ho.

Det står framleis att ein del etterarbeid, men til helga vonar Line Urke at ting er tilbake i normal gjenge att.

Vil tilbake til veke 33

– Det vert eit evalueringsmøte i oktober der vi vil sjå på kva vi kan ta bort og kva vi vil ha nytt. Vi har nok allereie bestemt oss for å gå tilbake til å ha festivalen i veke 33 slik vi har hatt i alle år.

I år flytta vi den til veke 34 for å unngå konkurranse med Jugendfestivalen i Ålesund, men det angrar vi litt på. No vart det kollisjon med Matfestivalen i Ålesund i staden, ein festival som har litt av det same publikummet som vi rettar oss mot, seier Urke som likevel altså er godt nøgd med Trebaatfestivalen 2018.