Ein mann i 30-åra frå Ulstein har i Sunnmøre tingrett fått sin tolvte dom.

Den første dommen fekk han i 1995. Dommane omfattar vinnings- og narkotikakriminalitet og brot på vegtrafikklova. Han er tidlegare dømt seks gongar for køyring i rus.

Denne gongen er mannen dømt til fengsel i to år, der seks månader av straffa er på vilkår.

Retten finn han skuldig i å ha innført 186 gram amfetamin, 565 ml GBL og 51 tablettar MDMA.

Han er også dømt for å ha køyrt bil i amfetaminrus Sjøgata i Ulsteinvik i september 2016. Køyringa enda med at han kolliderte med ein lyktestolpe.

Personundersøking

Saka mot mannen er behandla to gongar i Sunnmøre tingrett. I mai vart han funnen skuldig etter tiltalen. Onsdag denne veka vart straffespørsmålet behandla.

Forsvaren hans, Reidar Andresen, bad i mai om at Kriminalomsorga skulle gjennomføre ei personundersøking av mannen. Målet var å finne ut om han kunne vere eigna til ein vilkårsdom, der særvilkåret var narkotikaprogram med domstolskontroll.

Denne straffereaksjonen vart gjort landsdekkande i 2016, og inneber at den domfelte får individuelt tilrettelagt oppfølging. Innhaldet kan vere rusbehandling, utdanning, opplæring, arbeid, fysisk og  psykisk helse og kriminalitetsførebygging. Programmet skal vere rehabiliterande og kriminalitetsførebyggende, ifølgje nettsida til Kriminalomsorga.

I personundersøkinga konkluderer Kriminalomsorga med at mannen ikkje er eigna til å gjennomføre narkotikaprogram med domstolskontroll. Dei viser til at det i eit slikt opplegg vert stilt strenge krav til at den domfelte møter punktleg til avtalar.

Under arbeidet med personundersøking kom Ulstein-mannen for seint til ein avtale, han møtte ikkje til neste avtale og han gløymde ein avtale ved Ålesund behandlingssenter.

Støttar aktor

I retten la aktor, politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik, ned påstand om fengsel i to år, der seks månader av straffa skulle vere på vilkår.

Forsvararen bad retten behandle tiltalte på mildaste måte og bad dei også vurdere å døme han til narkotikaprogram med domstolskontroll.

Sunnmøre tingrett har slutta seg til påstanden frå aktor, og viser samstundes til at seks månader vilkårsstraff inneber ei sterk oppmoding til å halde seg unna kriminalitet.

Bot og tap av førarrett

Han er også dømt til å betale ei bot på 20.000 kroner for ruskøyring og tole inndraging av 9.900 kroner- det siste er pengar han tente på sal av amfetamin.

I tillegg er han frådømt retten til å ha førarkort i fem år framover.