Førre veke skreiv Vikebladet Vestposten om søskena Astrid Urvik, Bodill Skeide, Lindor Skeide, Svenning Skeide og Viviann Skeide som ikkje vil gå med på at barndomsheimen deira på Skeide må rivast for å gje plass til ny bustadbygging.

I intervjuet sa dei at kommunen hadde sagt at huset skal brukast til brannøving.

Men til lokalavisa hevda assisterande rådmann Arne Runar Vik at det var familien sjølv som føreslo at huset kan nyttast til brannøving.

– Tatt ut av samanheng

Men søskena Skeide meiner det Vik fortel er tatt heilt ut av samanhengen. På forhandlingsmøtet i sommar sette søskena krav om at dei ville behalde tunet i tillegg til industriområdet, men fekk klar melding om at tunet er uaktuelt. I tillegg fekk dei krav om at rivingskostnader skulle dekkast av dei. Dei skal ha fått sjokk og vart redde for at rivingskostnadene vart høgare enn prisen kommunen ville betale for tomta etter riving.

– I den forbindelse vart det sagt at å brenne kunne vere aktuelt, men forslaget kom ikkje frå oss, for me ville behalde huset og tunet, forklarer søskena til Vikebladet Vestposten.

Robert Skeide med familie fekk som tidlegare omskrive i avisa krav om å rive løda og betale for kostnadene med riving. Men dei vann fram i kommunestyret, så no skal kommunen koste rivinga + at dei får støtte til å setje opp eit reiskapshus.

– Skal få 16 mål

Skeide-søskena vil ikkje vere med på at dei er til hinder for at Ulstein kommune får gjennomført vedteken arealplan. Eigedommen deira utgjer 23 mål, og dei er villige til å avstå 16 mål.

– Det blir argumentert med at det er viktig å få ei effektiv arealutnytting av eigedommen, men det kan ikkje vere plassmangel på Skeide som er problemet. Kommunen har uttalt at det er for å dekke kostnader med utbygging av nye vegar og tekniske anlegg på indre Skeide, seier søskena.

Men dei meiner at kommunen bør kjenne ansvar for å byggje veg til eksisterande bustader på indre Skeide, som har hatt privat veg gjennom alle tider. Andre stader i kommunen blir bygging og utviding av vegar og gangvegar bygt på fellesskapet si rekning.

– Snakk om millionar

I Vikebladet Vestposten sist torsdag fekk Arne Runar Vik spørsmål om det stemmer at dei må betale alt av tilknytingsavgifter om dei byggjer på ei anna tomt på eigedommen sin, i staden for å restaurere det gamle huset. Då svara Vik at det var snakk om avgrensa summar.

Men søskena har ikkje same oppfatning som Vik. Slik dei les avtalen kan det dreie seg om fleire millionar, og ikkje «avgrensa summar».

Ønskjer ikkje ta del i ein diskusjon om einskildelement

Arne Runar Vik har fått lagt fram påstandane som Astrid Urvik, Bodill Skeide og Lindor Skeide har kome med, og fått høve til å kommentere dei, men han svarer at han ikkje ønskjer å ta del i ein diskusjon om einskildelement i saka på noverande tidspunkt.

Saka om oreigning er no lagt fram for politikarane som handsamar saka.

– Om dei går for oreigning, vert det retten som tek avgjerd, skriv Vik til Vikebladet Vestposten.

Saka vart tatt opp Ulstein formannskap i dag, tysdag. Tilrådinga frå rådmannen er at dei går for oreigning.