Under samlinga på bedehuset onsdag 20. januar blir det også høve til å skrive under på eit opprop om at Dag og Margaret Hennum - og fire andre grunneigarar - må få att det rettmessige eigedomane sine. Johannes Klungsøyr skal halde appell under folkemøtet, og Jens Peder Brandal har teke på seg oppgåva som ordstyrar. Om listene skal leggjast ut også andre stader i kommunen vil bli avgjort under møtet. Ekteparet Hennum har kjempa sidan 2000 med å få papir på at dei eig elvegrunnen i fallområdet i Indredalselva. Dei har tapt i alle rettsinstansar, men har meint at Hareid kommune ikkje har lagt ved alle relevante skriv i saka. Overtydde om at Hennum har rett Johannes Klungsøyr, tidlegare formannskapssekretær i Ulstein, har den siste tida sett seg grundig inn i saka. Han har gått gjennom digre bunkar med brev, skøyte og skriv, og har konkludert med at familien Hennum er dei rette eigarane av den mykje omtalte holmen og sin del av elvegrunnen. Jens Peder Brandal meiner Hennum-saka viser at rettane til innbyggjarane i Hareid fort kan bli truga: - Det kan bere gale av stad når kommunen leiger inn advokatar, og politikarane tek byråkratane si side - utan å høyre på folket. Eg synest denne saka er skræmande, kommenterer han. Då Jens Peder Brandal var gut hadde den førre eigaren av Hopegjerdet, Einar O. Brandal, både hest og kyr gåande på beite på den etter kvart så mykje omtala holmen. - Både Einar O. Brandal og folk i bygda elles rekna det som sjølvsagt at det var han som eigde holmen. Holmen og den tilliggande grunnen i elva har aldri høyrt til nokon andre enn Hopegjerdet, slår Jens Peder Brandal fast. - Slutt å kalle Hennum for kverulantar Han meiner det no er på høg tid at politikarane sluttar å kalle familien Hennum for kverulantar. Dei signaliserer også at det er ei glede å få vere med i støttegruppa. John Stennes (H) var i 2006 første vara til kommunestyret. Saman med Linda Haddal Røssevoll (H) tok han initiativ til å ta opp att saka, slik at familien Hennum kunne få tilbake grunnen. - Eg tok meg då ein tur til Indredalen for å sjå på området. Eg er oppvaksen på Stennes i Norangsfjorden og veit kor folk streva for kvar ei tue. I 1917 var det langt på veg grastustane folk levde av. At dei frivillig skulle gje frå seg 3 mål utan å nemne det, er ein heilt urimeleg tanke, meiner John Stennes. Heller ikkje han er i tvil om at familien Hennum har rett. At Hareid kommune skal starte kraftverk i elva ser Stennes på som dårleg butikk. Også Harry Fjelle, busett på Rise, har blitt overtydd om at Hennum har rett. - Rettferdssansen gjer at eg blir med i støttegruppa, forklarer han. Skar seg i 2006 Irene Follestad Rise, kommunestyremedlem frå Folkelista for Hareid kommune, har også engasjert seg i Hennum-saka. Saman med ordførar Hans Gisle Holstad og Anders Riise utgjer ho dessutan ad-hoc-gruppa som skal halde dialog med ekteparet Hennum. - Då Høgre tok opp att Hennum-saka i 2006 hadde eg ei kjensle av at der skjedde ting som eg ikkje syntest om. Men eg visste for lite. Kommunen køyrde på trumfkortet sitt om domen og kommuneadvokaten, og Hennum fekk ikkje kome til orde, fortel Follestad Rise. Forslaget om å setje i gang ein overdragingsprosess i 2006 skar seg raskt. Dei fem initiativtakarane til støttegruppa fortel at det er fleire som har vendt seg til dei og sagt at dei meiner kommunen i denne saka har oppført seg urimeleg. Appellerer til ordføraren - Den sitjande ordførar, Hans Gisle Holstad, har ikkje gjort så mykje gale i denne saka. Vi vil derfor appellere til han og dei noverande politikarane om å sjå på saka med nye auge - og at dei prøver å få til eit forlik. Mandatet som den kommunale forhandlingsgruppa har fått, om korleis det skal ryddast i terrenget, er alt for snevert, varslar Johs. Klungsøyr. Alle fem meiner denne saka handlar vel så mykje om etikk og moral som om juss. - Vi har nok av store gutar som leikar seg med paragrafar. Det vi ønskjer oss er store politikarar som har mot til å sjå folk i augene - og vilje til å rydde opp, varslar støttegruppa.
Nyhende →
Skipar støttegruppe for Hennum
- Ekteparet Hennum er nærast utsett for eit justismord i eigedomstvisten med Hareid kommune, meiner Irene Follestad Rise. Ho er ei av fleire som har danna støttegruppe for Hennum. Komande onsdag byr dei inn til folkemøte på Brandal bedehus.