Lensmann Odd Kulø fremst i Ulsteinvik-toget, i år saman med barnebaret Heine. Til høgre ser vi leiar i 17. mai-komiteen i Ulsteinvik, Asbjørn Vattøy. Godt humør på han og. Foto: Asle Geir Widnes Johansen

Lågt skydekke, litt skodde, av og til nokre dropar; 17. mai på Hareidlandet vart ein heller grå dag i 2010. Men tradisjonen tru var det folksamt i og kring barnetoget i Ulsteinvik. Fremst marsjerte lensmannen - i god tradisjon, og Heine Kulø marsjerte stolt saman med farfar.

Elles var skuleklasser, barnehagar og foreldre rikeleg på plass; Musikklaget Ulf og Ulsteinvik skulekorps sytte for stødig musikk.