- Samanlikna med tidlegare løysing, gjev den nye Reiseplanleggaren eit meir presist og informativt søkeresultat, tabellar som er lettare å lese, og ein likeverdig engelsk versjon for utanlandske reisande, seier kommunikasjonsdirektør Ingrid Færøyvik i ei pressemelding.

I følgje Færøyvik er denne lanseringa eit viktig element i konsernet si satsing på betre tilrettelegging av informasjon på nett.

- Dei aller fleste som besøker Fjord1 sine nettsider er på jakt etter ruteinformasjon i ei eller anna form, om det er vanlege rutesøk eller oppslag i rutetabellar. Det har difor vore viktig for Fjord1 å gjere denne delen av servicetilbodet til våre reisande betre, seier Færøyvik.

Reiseplanleggjaren har fått ei sentral plassering på heimesida til Fjord1 med søkefelt og kalender for val av reisedato, og skal være lett å bruke.

- Når ein tastar inn i rutesøket kvar ein skal reise frå og til, ser ein no tydeleg kva transportmiddel ein skal ta, kor mange byter av transportmiddel det er undervegs, reisetid og eventuell ventetid. Dersom det er gangavstand frå ein haldeplass til neste, kjem også dette tydeleg fram med eigne symbol og estimert gangtid mellom haldeplassane, seier Svein-Arne Vik, prosjektleiar for utviklinga av reiseplanleggaren.