Milena Ferlic er ein kløppar til å bake, både brød og kaker. I 1996 laga ho også ein kopi av bustadhuset sitt. Sidan har ho halde seg til mindre kompliserte peparkakehus. Men for nokre veker sidan fekk ho ånda, og gav seg i kast med storprosjektet igjen. Solbu-varianten i peparkakedeig har blitt 30 cm lang, 24 cm brei, og inkludert pipa er høgda 47 cm. Vindauga, tilbygget, trappa og rekkverket er akkurat som på huset ho bur i. Gelatinplater er sett inn som vindusruter, og sirleg lagd melis dannar trivelege glaskarmar og snødekte greiner opp etter kjellarmurane. Paparkakehuset har også fått hage rundt seg. Kokosmasse illuderer snø, og små stearinlys forma som grøne juletre er med på å understreke den trolske stemninga. Milena Ferlic brukte fem dagar på å få "Solbu" akkurat slik som ho ville, og ho trur ikkje dei kjem til å knuse det i bitar når jula er over. Ho vil prøve å lagre det på ein tørr stad, i håp om at det kan takast fram att neste jul. Ned gjennom pipa er det putta pittesmå elektriske julelys - og når det er skymt i stova, ser det ut som eit skikkeleg Hans og Grete-hus. Skal tru om det finst nokon som har laga endå større peparkakehus?

Baksida er like forseggjord.