Dermed er det redusert kapasitet mellom Hareid og Sulesund. Søndag fekk MF Tidesund problem med å opne eine baugporten. Dett førte til at ferja berre kunne ta om bord bilar frå ei side. Ferja kunne dermed ikkje ta med lastebilar, sidan bilane måtte snuast på ferja slik at dei køyrde av der dei køyrde om bord. B-ferja er venta tilbake i rute måndag ettermiddag, medan A-ferja i sambandet går som normalt.