Ordføraren i Herøy viser til at det for ein herøyværing som skal til Vanylven - eller omvendt, vil eit bussbytte i Garneskrysset vere ein like stor omveg, som at ein ulsteining må innom Myrvåg på veg til Volda. Og det er dette som gjer at han meiner det ikkje finst noko optimal løysing som alle kommunane på Ytre Søre vil juble over. - Myrvåg ligg veldig godt til som trafikknutepunkt, slår han fast. Herøyordføraren avviser at det er eit godt poeng at mange frå Hareid og Ulstein som skal til sjukehus, studiar eller flyplass i Ørsta/Volda ser på det som ei "strafferunde" å måtte vere med på ein avstikkar til Myrvåg. - Det er viktig å kunne sjå litt vidare på reisemønsteret på Søre Sunnmøre. Avstikkaren frå Garnes til Myrvåg tek 4 minutt. Vel 10.000 menneske frå Herøy, Sande og Vanylven brukar Myrvåg som trafikknutepunkt. Og eg skal love at det finst mange historier om krongleturar som dei reisande frå desse tre kommunane også må vere med på. Til dømes at bussreisande frå Herøy på veg til skule i Ålesund må innom Ulsteinvik og vidare til Skeide før bussen set kursen mot Hareid ferjekai. Skal kollektivtrafikken ta seg opp, meiner han det må kome fleire bussar som går direktelinjer.
Bussterminalen, ein lang prosess
Goksøyr opplyser at Myrvåg har vore korrespondanseplass for bussar i mange år. For fire år sidan bestemte kommunen seg for at dei ville betre ut plassen, og for ei tid tilbake fekk dei ja på søknaden om statleg støtte gjennom BRA-midlane. Sjølve reguleringsarbeidet har tatt to år. Nye reglar gjer at plassen skal få ei såkalla universell utforming, som betyr at området blir tilrettelagt for svaksynte og rullestolbrukarar. Men ordføraren i Herøy understrekar at han har ingen ting imot at det blir laga ei busslomme i tilknyting til Garneskrysset, slik at to bussar kan møtast for å ta av- og på reisande. - Det må gå an å ha to tankar i hovudet samtidig, ligg han til.
Ikkje plass nok
Men noko han ikkje klarer å sjå føre seg, er at det i området ved Garneskrysset skal vere plass til ein bussterminal med ei universell utforming. Trafikknutpunktet må ha plass til både parkeringsplass for personbilar, bussoppstillingsplass og eit tidhøveleg, varmt og regnfritt buss-skur. - Eg køyrer forbi Garneskrysset svært ofte, og kan ikkje med min beste velvilje sjå at der er plass til noko slikt, kommenterer Goksøyr. Det han derimot er velvillig til, er rundkøyring i Garneskrysset. Ordføraren i Herøy røpar at han lenge har håpa på at Ulstein kommune skulle ta initiativ til å få sette i gang ein slik prosess. Sidan Garneskrysset ligg i Ulstein kommune, meiner eg det er mest naturleg at initiativet kjem derifrå. Rundkøyringa skal få mi fulle støtte lovar han.