Hareid rådhus (midt på bildet) har innskrenka opningstida i skranken med to timar pr. dag. Bildet er frå 1. nyttårsdag. Foto: Leiv Arne Grimstad

Tidlegare har opningstida vore frå klokka 9 til klokka 15. No må publikum ringe eller møte opp mellom klokka 10 og14, d.v.s. ein reduksjon på to timar pr. dag.

Den nye opningstida skal gjelde alle vekedagar frå og med måndag til og med fredag.

Tiltaket betyr at ein vil få svar i sentralbordtelefonen 70095000 berre mellom klokka 10 og 14.

Hareid kommune gjer dette som eit ledd i innsparingane i sentraladministrasjonen.