Statens Vegvesen meldar om at det ikkje blir to målepunkt - men tre i Eiksundtunnelen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Målestrekningane blir frå inngang Eiksund til tunnelbotnen, ei frå tunnelbotnen til utgang Berkneset, og ei frå inngang Berkneset til tunnelbotnen, fortel senioringeniør Ruth Myklebust, i Statens Vegvesen Region-Midt.

Utfordrande Myklebust påpeikar at montering av eit slikt systemet ikkje har vore gjort i tunnel før. Ho viser til fleire store utfordringar som har gjort at dei er forsinka med å få det på plass.

– Den største utfordringa har vore arbeidet med å få opp sjølve systemet. Sidan systemet ikkje er utvikla for tunnelar på førehand, har vi vore nøydde til å utvikle nye løysingar på blant anna montering. Det er òg mykje arbeid bak tunnelduken som også krev tid, legg Myklebust til.

Med tanke på trafikkryggleiken har dei valt å arbeide om natta, for å sleppe lange kolonnekøar med følgjebil. Noko dei ville opplevd på dagtid.

GeneralprøveSenioringeniøren informerer at dei vil utføre ei generalprøve på systemet i Eiksundtunnelen torsdag og fredag denne veka. Når dei endelege målingane vert sett i verk, kan ho ikkje ta stilling til no.

– Vi må i første omgang sjå til at det fungerer som det skal, men mykje tyder på at det er rett rundt hjørnet.

Bra effektMyklebust fortel at eit slikt system er teknisk stabilt og betre enn punktmåling med vanleg fotoboks.

- Det som er unikt med gjennomsnittsmåling, er at bilens registreringsnummer blir registrert i punkta på kvar ende av strekninga. Farta blir kalkulert ut i frå kor lang tid du har brukt mellom dei.

På dei strekningane som i dag har gjennomsnittsmåling, ser dei ein ulukkereduksjon på 35 prosent, i følgje Myklebust.