I halvto-tida natt til sundag vakna ei kvinne i Ulsteinvik av at glas vart knust. Då ho såg nokre skikkelsar a seg inn i eit hus gjennom eit vindauge, kontakta ho politiet.

Men dei som tok seg inn i huset, var nokre hjelpsame naboar som såg at der var mykje røyk inne i huset. Det synte seg at huseigaren hadde sovna frå matlaginga.

Det heile ende bra, og ingen kom til skade, melder Sunnmørsposten på nettsida si.