Teknisk utval i Ulstein kommune har vedteke at grunneigar Jan Remmereit skal fjerne gjerdet han har sett opp rundt tomta si på Havågneset i Eiksund. Tiltakshavar har klaga på vedtaket, men utvalet står på sitt. Oddvar Gjerde reiste framlegg i utvalet om å ta klaga delvis til følgje og ta opp dialog med Remmereit om utforminga av gjerde og portar slik at det ikkje hindrar allmenn ferdsel. Men framlegget om dialog fekk berre røysta frå Gjerde, og vart såleis ikkje vedteke. Saka blir sendt Fylkesmannen for endeleg vedtak.
Nyhende →
Gjerde ønskte gjerde-dialog
Oddvar Gjerde (Sp) kunne tenkje seg å gå i dialog med Jan Remmereit om utforming av gjerdet. Men resten av teknisk utval stod på sitt og slo fast at gjerdet bør fjernast.