Ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk i Saunesmarka kjem det inn uhorveleg store mengder papp og papir. Foto: Joar Drønnesund

Dagleg leiar Einar Heimdal og kommunikasjonsansvarleg Gunhild Solberg ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) er imponerte over kor flinke abonnentane er til å samle inn papir til retur.

Dei veit ikkje spesifikt kva som er årsaka til at den enorme mengda med papir har auka så kraftig. Dei trur det kan ha eit samband med med handlekrafta i kommunane å gjere, men dei utelukkar heller ikkje at mengda papir har auka grunna mange avislesarar.

– Om ein ser på alle avisene som blir sendt ut til abonnentane, så er det naturleg at det blir volum av slikt, poengterer Heimdal.

Det er dei to siste åra dei har merka den markante aukinga.

Roser abonnentane

Både Heimdal og Solberg roser abonnentane sitt engasjement hjå det å sortere avfallet.

–Folk har vore flinke med sorteringa, og fått skilt ut papiret frå anna avfall, fortel Solberg.

– Abonnentane har sjølv vore medverkande til at vi kan levere frå oss eit papir med god kvalitet og at me dermed kan halde gebyret nede.

Heimdal stadfestar at det er billigare når papiret kjem i den dunken det skal, og ikkje hamnar i grønedunken.

Han håpar folk vil halde fram med å vere flinke med sorteringa.

Det sorterte papiret sender dei vidare til blant anna Norske Skog AS.

Større kapasitet enn VØR

I 2010 hadde SSR 50 prosent større kapasitet i forhold til?Ørsta Volda Reinhaldsverk (VØR).

Fram til i dag har kapasiteten auka til 100 prosent. Dette kan skuldast at SSR har ein oftare hentefrekvens på papir i forhold til VØR si 3-vekersløysing, samstundes som SSR har større dunkar. Det utgjer at totalkapasiteten til?SSR er 170 prosent høgare enn i VØR.

- Vi trur at servicen vi har, mellom anna at kundane kan setje oppsamla papp og papir saman med dunkane, er ei viktig årsak til at vi har ein så høg prosent på kapasiteten, avsluttar Heimdal og Solberg.