Styreleiar Harald Bigset i Bigset skule AB opplyser at dei har anka vedtaket i Utdanningsdirektoratet (Arkivfoto). Foto: Anne Gry Eilertsen

Hareid kommune har tidlegare i samband med omstrukturering av skulekrinsgrensene, vurdert å leggje ned Bigset skule.

I fjor søkte foreldra i Bigset om å få starte privatskule.

Dei har no fått svar frå Utdanningsdirektoratet, og sjølv om direktoratet i vurderinga si meiner Bigset skule fyller minstekrava for godkjenning etter privatskulelova, blir søknaden avslegen.

Direktoratet grunngir dette med at ein privatskule vil få alvorlege konsekvensar for den offentlege skulestrukturen.

Styret for Bigset skule SA meiner avgjerda til Utdanningsdirektoratet er gjort på sviktande grunnlag. Etter at friskulelova vart endra i 2006 går det fram av ny lovendring at budsjettmessige forhold ikkje kan brukast som grunnlag for eit avslag, noko styret meiner direktoratet har gjort i dette tilfellet.

Fleirtalsalliansen i det nye Hareid kommunestyre har uttalt at dei ikkje vil gjere noko med skulestrukturen i denne valperioden.

– Vi ønskjer ikkje å lage problem for Hareid kommune. Men vi veit ikkje kor lenge ein slik politisk avtale vil stå ved lag. Derfor ankar vi vedtaket til Utdanningsdirektoratet. Vi må vere klare til å starte privatskule viss nedlegging ein dag blir aktuelt, forklarer Harald Bigset, styreleiar i Bigset skule SA