Møtet fann stad på Hareid rådhus tidlegare i veka. Med på drøftinga var styret i Hareid fastlandssamband, fylkestingspolitikarane Oskar Grimstad, Anders Riise, Tor Meinseth og Svein Gjelseth (Ap.-varamann til Stortinget). I tillegg var der også ein del representantar frå næringslivet i regionen. Fylkestingspolitikar Gunn Berit Gjerde (V) kunne ikkje møte. Fylkestinget skal i april i år kome med tilråding om kvar traseen mellom Hareidlandet og Sula skal gå. Og møtet konkluderte med at det snarast må kome ei avklaring, slik at heile Søre Sunnmøre kan samle seg for fullt om ein trase. Det er eit problem at det i dag finst så mange alternativ. – Trafikken over Sulesundferjene aukar. Prognosane på ein del av avgangane er sprengde, og om nokre år må det kome tre ferjer i dette sambande, opplyser ordførar Holstad. Han hevdar at utrekningar viser at ein tunnel vil vere 50 prosent mindre forureinande enn 3 pendelferjer. – Tunnel vil rett og slett vere eit miljøtiltak, legg Holstad til.
Nyhende →
Vil ha snarleg avklaring på trasevalet til Hareid fastlandssamband
Styret i Hareid fastlandssamband har hatt møte med fylkestingspolitikarane på Søre Sunnmøre, pluss representantar frå næringslivet. Semja er stor om at det snart må bestemmast kvar traseen skal gå.