Torsdag ringde ei forarga mann Vikebladet Vestposten. Saman med tre andre personar vart han ståande å speide etter buss på Sulesund då Røsund godt forseinka hadde sleppt dei på land på Sulesund. Alle fire hadde timeavtale ved sjukehuset, og det er mildt sagt ikkje morosamt å måtte kanselere ein time som du kanskje har venta lenge på ved sjukehuset. Mannen understrekar at han har forståing for at bussen må halde ruta, og at dei ikkje kan bli ståande å vente på ferja lenge på overtid. Han rettar kritikken først og fremst mot Statens vegvesen, som han meiner ikkje har gjort ein god nok jobb når kontrakten med Hurtigruten Group vart skriven. Vegvesenet burde ha sikra seg at ferjeselskapet var nøydde til å setje inn tilfredsstillande ekstraferjer. Mannen kontakta også fungerande ordførar Willy Nesset i Hareid, og Nesset seier til lokalavisa at han er minst like frustrert over ferjesituasjonen som mannen. Han rår folk som har time ved sjukehuset til å ta snøggbåten frå Hareid til Ålesund, og buss vidare til sjukehuset. Eg får mange telefonar frå frustrerte reisande. Men eg orkar ikkje å bli sint på Hurtigruten Group. Eg er meir irritert på Statens vegvesen som ikkje har klart å lage til ein betre avtale med ferjeselskapet, medgir Nesset. Han hevdar at han har tatt fleire telefonar både til reiarlaget og til Statens vegvesen den siste veka, men at han stort sett har blitt møtt berre med eit skuldertrekk.