1. Bilen må vere i teknisk god stand: Sjekk batteri, motorolje, frostvæske og dekk. Er du i tvil, ta turen innom eit NAF-senter eller ein bilverkstad. Fyll opp med spylervæske, smør alle låsane med låseolje og smør silikon på lister i dører og bagasjelokk. Husk ekstra spylervæske og gjerne slepetau, spade og startkablar. 2. Fornuftig køyreåtferd: Ta det med ro. Køyr etter forholda, ikkje etter klokka. Ver kritisk til kven du sit på med. 3. Bruk bilbelte: Dersom du festar bilbeltet før køyrer, reduserer du faren for å omkome i trafikken med 50 prosent dersom ei ulukke skulle skje. 4. Last bilen riktig: Dersom du lastar bilen feil endrar køyreeigenskapane seg dramatisk. For mykje last i bagasjerom og/eller på taket er spesielt farleg. Pass på at skiboks og ski er godt festa på taket. 5. Køyring over fjell: Undersøk om det er vinterstengde vegar der du skal køyre, sjekk veg- og køyreforhold. Skaff deg oversikt over moglege omkøyringsvegar. Bilen må vere skodd etter forholda. Ta helst med kjettingar, og lær deg å montere dei. Sjekk at du har rikeleg med drivstoff. Ta med varme kle, godt fottøy og gjerne mat og drikke. Ha lykt, spade og slepetau lett tilgjengeleg i bilen. 6. Kolonnekøyring: Berre et avgrensa tal bilar får vere med i ei kolonne. Brøytesjåførane har mynde til å avvise trafikantar som kan få problem med kolonnekøyring - det kan vere personar som ikkje har varme nok kle, bilar med tekniske manglar eller bilar som ikkje er riktig skodd. Hald augekontakt med bilen framfor. bruk tåkelys, tåkebaklys og nødblink. Gå ikkje frå bilen dersom kolonnen må stoppe. Ikkje køyr ut av kolonnen eller prøv å snu. 7. Sov om du blir trøtt: 24 timar utan søvn svarar til 1 i promille og søvnulukker kostar om lag eitt menneskeliv kvar veke i Noreg. Det er forbode å køyre når ein er trøtt og sliten. 8. Fem gode råd: Ver utkvilt. Drikk vatn. Bytt sjåfør. Ta pause før du vert trøtt. Stopp og sov i 15 minutt dersom du blir søvnig bak rattet. 9. Triks som ikkje verkar: Opne vindauget og stikke hovudet ut. Spele høg musikk. Snakke eller synge høgt for deg sjølv. Ete søtsaker og drikke kaffi eller brus. Køyre raskare og køyre forbi andre bilar. Kjelde: www.vegvesen.no