Som kjent må Høddvollbarnehagen over i nye lokale frå 1. august 2008, på grunn av at Hødd treng lokala sine sjølve. Difor søkte barnehagen Ulstein kommune om å kjøpe ei tomt vest for Ulsteinhallen, for å byggje ny barnehage der. Men kommunen sa nei, av omsyn til ei eventuell utviding av hallen. I tilknyting til saka skal det ha blitt gjeve positivt signa med omsyn til alternativ tomt på den kommunale tomta gnr 9 bnr 108 og den privateigde bnr 1. Barnehagen har, gjennom Norhus, vore i kontakt med grunneigarane av 9/1 om overtaking av delar av tomta. Grunneigarane skal ha meldt at dei er positive, men berre om dei kan overdra heile tomta. Barnehagen treng 5-6 daa, inklusive areal til den kommunalt eigde 9/108, medan 9/1 er på 10 daa. Heile området er regulert til offentleg føremål.

Tre alternativ

Norhus har lagt fram tre alternativ for korleis resten av arealet kan nyttast. Det første alternativet er at Norhus bygg barnehagen og infrastruktur, så løyser kommunen inn resten av arealet og må ta på seg delar av kostnadene med infrastruktur. Det andre alternativet er at resterande areal blir gjort om til bustadføremål. Då løyser Norhus inn heile arealet, og kommunen tek ikkje del. Omregulering tek tid. På grunn at tidspresset for å få barnehagen ferdig i tide, må dei få dispensasjon eller mindre vesentleg reguleringsendring for den delen av arealet som skal nyttast til barnehage. Det tre alternativet som blir skissert er at Norhus løyser inn alt arealet. Dei gjennomfører så tiltak som ligg innanfor omgrepet offentleg føremål og overleverer ferdig totalprosjekt til kommunen.

Tilrådinga

Teknisk sjef rår til at det blir starta privat regulering for gnr 9, bnr 1, 108 og 109, med det for auge å regulere inn barnehage og bustader, med tilhøyrande trafikkområde og leikeareal. Bustadene kan vere 2- og 4-mannsbustader. Mønehøgda skal ikkje overstige 8 meter. Byggjegrensa skal ikkje vere nærmare senterlinje i Øvrevegen enn 15 meter. Saka blir lagt fram for teknisk utval onsdag 15. august.