Vassabonnentane i Eiksund og dei nedre delane av Haddal-området har blitt oppmoda om å koke vatnet den siste veka grunna faren for E.Coli-smitte. Dei siste dagane har Ulstein vassverk arbeidd med utspyling av nettet og det har vore tatt fleire nye vassprøver dagleg. Prøvene har variert frå 0 til 2 E.Coli-bakteriar per desiliter vatn. Vassprøvene syner no at også den øvre delen av vassforsyninga er infisert av E.Coli-bakteriar. Dette inneber at alle som er tilknytta den offentlege vassforsyninga i Haddal og Eiksund bør koke vatnet.

Kloring

I samråd med Mattilsynet og helsesjefen vil vassverket frå og med i dag tilsetje klor i vatnet for å få bukt med bakteriane. Abonnentane vert likevel oppmoda om å halde fram med vasskokinga, då det tek ei tid før kloringa gir nokon verknad. I dagane framover vil vassverket arbeide med desinfisering av leidningsnett og vasskummar. Difor vil vatnet i periodar verte borte i delar av forsyningsområdet. Dette vil verte særleg merkbart i Solsida og Ringstaddalen.