May Britt Haukås kjem til Holesanden for å fortelje artige historier frå radioprogrammet "Naturtelefonen". Foto: Ingvild Myklebust

Dei to hovudgjestane er May Britt Haukås og Marie Lovise Widnes.

NRK-tilsette Haukås har, som mange sikkert veit, gitt ut to bøker - ”Kråke med akebrett” og ”Dynamittpus” - med bakgrunn i telefoninnringingsprogrammet "Naturtelefonen" - eit program ho har vore leiar for i femten år.

Vår eiga Marie Lovise Widnes er spesiell gjest denne gongen fordi ho har samla og sunge inn gamle barnesongar på ein CD, som har tittelen ”So dillar du di rompe”.

Ei tredje kvinne på programmet er Irene Rødset frå Sande. Kva ho skal snakke om, vil mållagsleiar Marit Kvammen halde tett inntil brystet.

Men hovudmenyen er som vanleg potetballen - utan kunstige tilsetjingsstoff - og med tilhøyrande avsynging av den tradisjonsrike "Balljevisa" til Ivar Grimstad.

Arrangementet hart førehandssal av billettar.