"Dette held ikkje, Statens vegvesen!" er tittelen på eit brev ho har sendt til vegvesenet i Møre og Romsdal. Ordføraren i Hareid har mist tolmodet med Hurtigruten Group som på sjuande døgnet let "Vardehorn" gå som einsleg svale mellom Hareid og Sula. Sidan ferjestrekket er eit riksvegsamband, meiner Gjerde Statens vegvesen har eit overordna ansvar. Ho hevdar at då vegvesenet skreiv kontrakt med Hurtigruten Group i 1997, er ordlyden i kontrakten at selskapet skal gjere det dei kan for å få inn ny ferje. Dermed er ikkje ferjeselskapet nøydde til å setje inn ny ferje, og vegvesenet har heller ikkje noko maktmiddel til å få dei til å gjere det, konkluderer ho med. No har det gått ei heil veke med tap for privatpersonar og bedrifter, for ikkje å snakke om kor irriterande det er for folk å bli sitjande lenge i ferjekø, og no må noko gjerast, forlanger Gjerde. Fredag tok ho kontakt med fungerande trafikksjef Runar Larsen. I følgje Gjerde har han lova å ikkje ta fri før der går to ferjer i sambandet. Statens vegvesen fyl no utviklinga time for time. Klokka 16.00 fredag fekk ordførar Gjerde telefon frå fungerande trafikksjef. Han lova då at dersom ikkje "Melshorn" var i rute til klokka 17-18 fredag kveld, ville dei rekvirere MRF Fjord1 si ferje "Aure" i sambandet. Ferja tek berre 30 småbilar, men Gjerde meiner det trass alt er betre enn ingen ting.
Nyhende →
Gjerde kritiserer Statens vegvesen
Ordførar Gunn Berit Gjerde meiner Statens vegvesen har stått for passive på sidelina medan berre ei ferje har trafikkert Hareid-Sulesund dei siste seks døgna.