Overføringane frå kommunen til Ulstein sokn svarar til om lag lønsbudsjettet til soknet. Av soknet sitt samla budsjett blir 66 prosent dekt av Ulstein kommune, 34 prosent kjem frå stat, bispedøme og soknet sine eigne inntekter.

Kyrkjeverje Olav Sæter har hatt møte med rådmann Einar Vik Arset om kva sum som skal leggjast til grunn for dei fem prosentane dei skal spare inn. Dei kom til at det er fem prosent av overføringane frå kommunen. Sæter ber om at dei ikkje skal rekne med støtta soknet får til barnehagedrift, då drifta knappast går i balanse og dette er noko kommunen får statleg støtte til. Då kjem Sæter til at dei skal spara 172 233 kroner.

Reknar ikkje ledige stillingar

Det trur Sæter kan bli vanskeleg. Grunnen til at dei greidde spare ein del i 2010 var vakante stillingar. I?tillegg lot soknet vere å gjennomføre ein del tiltak som kommunestyret vedtok at dei skulle få gjennomføre. Men soknet reknar ikkje med vakansar i 2011, såleis er det lite å hente der. Dei kan kanskje spare inn 10 000 kroner på at kateketen er ute i permisjon nokre veker, men ikkje meir. Samstundes reknar soknet med auka utgifter til straum, kanskje 120 000 kroner.

Innsparingar

Det som smerter minst er å kutta tiltaka dei fekk finansiert i år, men som grunna nedskjeringane ikkje har vore gjennomført. Ved å droppe nytt senkeapparat, universell utforming av uteplassen ved kyrkja og felling av tre på Osnes kyrkjegard sparer dei 95 000 kroner. Dei vil òg spare inn på kontormateriell og mobil.

Treng varehengar og auka stilling

Ulstein kyrkjelege fellesråd vedtok samrøystes å akseptere at overføringane frå Ulstein kommune til Ulstein sokn blir redusert med 172 233 kroner i 2011, sett i forhold til opphavleg budsjett for 2010, og unnateke for lønsvekst i 2010. Men dei melder samstundes inn behov for desse driftstiltaka i økonomiplanperioden 2011–2014. Dei treng 30 000 kroner til varehengar med skrutipp til bruk på kyrkjegarden og sekretærstillinga må aukast med 20 prosent. Desse 20 prosentane tek soknet for tida frå dei 20 prosentane kyrkjeverje har i permisjon til å vere varaordførar. Men frå hausten 2011 er varaordførarperioden hans over.