Om vi ikkje får direkte solskin, så meiner Meteorologisk Institutt at vi unngår nedbør på 17.-mai i år. Arkivfoto frå tidlegare 17.mai-feiring på Hareid. Foto: Leiv Arne Grimstad

På nettstaden yr.no kan vi sjå at det frå og med onsdag kveld 13. mai vil halde seg nedbørsfritt i heile perioden fram til og med 20. mai.

17. mai er det spådd + 10 grader i lufta, skya og lett, nordleg bris.

Meteorologisk Institutt skriv samtidig at 17.-maivêret i Norge kan variere enormt. Den varmaste nasjonaldagen hittil har Suldal i Rogaland hatt. Der målte dei + 26,0 grader 17. mai 1980.

Sunnmøre har ingen plasseringar på 10-på-topp-lista når det gjeld varme.

På kulde-lista toppar Sihccajavri i Finnmark med sine 3,0 kuldegrader 17. mai 1968. Finnmark dominerer forståeleg nok kulderekordlistene for nasjonaldagen fullstendig.

Møre og Romsdal er inne på Topp-10 berre når det gjeld nedbør. 17. mai 1989 fall det 27,5 mm nedbør på Ona. Det gir ein 8.-plass på lista. På toppen ligg Modalen i Hordaland, som hadde 43,2 mm. 17. mai same år.