Skatteetaten har den siste tida fått meldingar om at det er sendt ut falske e-postar frå ei adresse som utgir seg for å vere frå Skattetaten.

Skatteetaten har undersøkt den falske e-posten og tilhøyrande lenke. Lenka fører til ei side med Skatteetaten sin logo, som ber om å få kredittkortinformasjon.

- Dette er eit såkalla phishing-forsøk, melder Skatteetaten. – Vi vil aldri be om kredittkortinformasjon, sikkerheitskodar eller kontonummer via e-post.

Skatteetaten vil gjerne at personar som har fått denne e-posten, vidaresender han til Skatteetaten si sikkerhetsavdeling, som har epost-adressa phishing@skatteetaten.no før e-posten blir sletta.

Dei som alt har trykt på lenka, men ikkje gitt kredittkort-detaljar, må køyre virusscan med oppdatert antivirussystem.

Dei som har gitt kort- og kodeopplysningar må sperre kort og konti snarast råd.