Om du trur du har sett militært personell på Bergsøy, Nerlandsøy og Leikong, så har du heilt rett. Heimevernsbefalet blei innkalla søndag, lagførarane kom måndag og mannskapet tysdag. Fredag er øvinga i Herøy ferdig.

- Denne typen øving har vi annakvart år. Sidan 2010 har befalet trent kvart år, medan dei resterande blir med annakvart år. Det er befalet som treng mest øving, så dette er ei fin fordeling. Vi klarer oss sjølve i Heimevernet, vi er sjølvforsynte med mat og utstyr, og er difor til god hjelp for dei som måtte trenge det.

Det fortel Hans Ole Låbakk. Låbakk, som kjem frå Flø, møter Vikebladet Vestposten utanfor Heimevernet på Sørøyane sin base i Fosnavåg, like ved Herøy kyrkje. Han er påtroppande områdesjef for Sørøyane HV-område, då tidlegare områdesjef Tor Sindre Steinsvik har valt å trekke seg.

- Tor Sindre har vore områdesjef for Sørøyane sidan 2000, og har meir enn 26 års teneste i Heimevernet. Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva som områdesjef, men det er store sko å fylle, fortel Hans Ole Låbakk.

Låbakk blei overført frå Volda stabsområde til Sørøyane i 2006, men har vore i teneste i Heimevernet sidan i år 2000. Han gjekk befalskulen i 1994. No tek han altså over sjefsjobben, og blir med det ansvarleg for soldatane i Sørøyane HV-område.

Krise- og krigssituasjonar

Øvinga Sørøyane HV-område gjennomfører desse dagane går ut på å sikre sivil infrastruktur, men også å sikre militære interesser. Heimevernet er organisert og oppbygd for å trene på og vere klar for krise- og krigssituasjonar.

- Vi trenar både den enkelte mannen eller kvinna for seg men også heile troppen. Oppdraget vi skal utføre desse dagane er gitt oss av HV-11, stasjonert på Setnesmoen i Åndalsnes. Vi øvar på å objektsikre både sivil infrastruktur og militær infrastruktur frå sabotasje og liknande. Den enkelte soldat får oppfrisking og trening i sanitet, samband, menneskelege relasjonar og haldningar. Alt dette er svært viktig kunnskap, og det vi lærer her kan bli nyttig i framtida, seier Låbakk.

Støtte til det sivile samfunnet

Dei scenarioa som Heimevernet oftast blir kalla ut til er som regel såkalla paragraf 13-oppdrag. Paragraf 13 i heimevernslova går ut på at Heimevernet skal gi støtte til det sivile samfunnet.

- Eksempelvis var vi med og hjelpte til då Dagmar herja som verst. Vi fekk beskjed rundt midnatt at det berre stod igjen ein halvtime med nødnett, og neste morgon stilte vi opp med 23 mann klare til innsats. Vi gjekk over straumnettet frå Hareid til ytste holmane her ute i Herøy for å sjekke for brot på linene. Sørøyane HV-område fekk faktisk Tussa-prisen i 2012, for innsatsen vi la ned då det stod på som verst, og det sette vi sjølvsagt stor pris på, fortel Hans Ole Låbakk og legg til:

- Vi har også hjelpt til ved leiteaksjonar, brannen på Stadt for nokre år tilbake, og vi var også i beredskap i tilfelle brannvesenet miste kontroll på brannen på Sandsøya i vinter.