(NPK-NTB): Trass i stor ideologisk motstand, har to av tre blå kommunar eigedomsskatt. Borgarlege ordførarar seier dei er avhengige av eigedomsskatten for å få hjula til å gå rundt.

– Utan eigedomsskatten hadde vi ikkje klart å levere tenester på eit lovleg nivå, seier Høgre-ordførar Anne-Mette Øvrum i Sør-Odal kommune til Klassekampen.

Kommunen er éin av 78 Høgre-styrte kommunar i Noreg som har eigedomsskatt. Ei oversikt Klassekampen har laga, viser at 66 prosent av dei Høgre- og Frp-styrte kommunane i landet vel å skattleggje eigedom, trass i at kommunane sjølve får bestemme om dei ønskjer å gjere det.

Tal frå Statistisk sentralbyrå, som vart lagt fram tysdag denne veka, viser at stadig fleire kommunar vel å ha eigedomsskatt. I år har 341 av dei 428 kommunane i landet denne inntekta. For Sør-Odal utgjer den 22 millionar kroner årleg.

Kristiansand har lenge vore den av dei største byane i landet som hentar inn mest i eigedomsskatt. Trass i valløftet i 2011 om å fjerne skatten heilt, kan ikkje ordførar Arvid Grundekjøn seie når det vil skje.

– Det er umogleg å seie når vi kan fjerne skatten heilt. Vi finn ingen alternative kjelder til inntekter på kort sikt. Utan eigedomsskatt måtte vi i dagens situasjon ha gjennomført brutale endringar i budsjettet eller akseptert høgare gjeldsbyrde for kommunen, seier han