Oljenæringa vil ikkje lenger vere ein like stor motor for vekst. For at nye næringsområde kan vekse fram, lyser Forskingsrådet no ut ein konkurranse med støtte til innovasjonsprosjekt. I potten ligg 900 millionar kroner.
Næringsminister Monica Mæland (t.h.) kunne saman med Forskingsrådet annonsere at 900 millionar kroner no skal gå til ein konkurranse med støtte til innovasjonsprosjekt. Dette biletet er frå då Mæland og statsminister Erna Solberg vitja Kleven Verft i fjor haust. Kleven- og Norsk Industri-styreleiar Kjersti Kleven til venstre.