- Situasjonen ved ferjesambandet Hareid - Sulesund er totalt uhaldbar. Noko må gjerast når budsjettet for Møre og Romsdal fylkeskommune skal handsamast, seier hareidsordførar Anders Riise.

Sjå film frå ferjekaoset nedst i denne artikkelen

Riise trekk fram ei rekkje tilhøve ved det han karakteriserer som kaotiske tilstandar ved Hareid ferjekai.

- Korleis dette skal ende når MS Ullensvang vert sett i drift frå nyttår kan vi berre under oss over, seier Anders Riise.

Her er ordføraren si liste over uheldige konsekvensar:

Mange hundre bilar kjem ikkje med ferja kvar veke.

Farlege trafikksituasjonar på ferjekaia.

Sinne og aggresjon blant dei reisande.

Reisande rekk ikkje flyavgangar.

Næringslivet taper tid og pengar.

Arbeidstakarar rekk ikkje arbeidet sitt, på begge sider av fjorden.

Vidare korrespondanse med Timekspressen og andre ferjesamband raknar.

Mange reisande rekk ikkje avtalte møte.

Pasientar til sjukehus rekk ikkje polikliniske timar.

Omdømet til Fylkeskommunen blir svekka.

- Vi krev svar

- Hareid kommune krev eit svar og tett oppfølging frå fylkeskommunen på kva dei vil gjere for å ordne opp i både materiell, kapasitet og organisering på sjølve ferjekaia. Dette gjeld ein av dei viktigaste næringsregionane i landet og eg trur ikkje eg tek munnen for full når eig hevdar at dette er eit krav både innbyggjarar, næringsliv og kommunar i regionen stiller seg bak, seier Anders Riise.

Han held fram at dette krev både politisk og administrativ handling og ikkje berre lovnader.

- Det må tre ferjer i sambandet og Ullensvang må ikkje settast inn i dette sambandet frå nyttår, konkluderer ordføraren.

Slik var situasjonen ved Hareid ferjekai onsdag ettermiddag