Behovet for gode lærarar i skulen er stort og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Likevel er talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanningane i distriktet for lavt. Dette ønskjer Høgskulen i Volda å gjere noko med. - I over 150 år har Høgskulen i Volda utdanna gode lærarar. No set vi alle krefter inn for å hindre lærarmangel i distrikta dei neste åra. Det krev at vi både tenkjer nytt og satsar friskt, fortel rektor Jørgen Amdam i ei åressemelding. Kamp om studentane Kampen om studentane er hard, og utdanningsinstitusjonane må vere offensive for å sikre rekruttering. Kampanjen med namnet ”Surf på dei fire beste åra i livet ditt” har som mål å auke talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanninga i Volda. Nye metodar vert tekne i bruk for å lukkast. - Folk kan ikkje unngå å leggje merke til surfemannen i tida framover. Han vil fronte alt kampanjemateriell, dukke uventa opp ulike stader i landet og vere tilstades på utdanningsmesser i dei største byane, fortel lærarstudent Dag Atle Lee Eiksund. Lee Eiksund skal sjølv vere med i rekrutteringsteamet som mellom anna skal besøke vidaregåande skular i regionen. Han er ikkje i tvil om at Høgskulen i Volda sitt sterkaste kort i konkurranse med andre høgskular er studentmiljøet. Det er også noko av bakgrunnen for at surfebrettet et vald som raud tråd. Surfe på kunnskap - Både grunnskulelærarutdanninga i Volda og det gode studentmiljøet gir ei medfart – ei bølgje av energi, kompetanse, positive opplevingar, venskap og minne – som bringer kvar einskild student vidare i livet med stor kraft. Å forvalte denne bølgja krev mange eigenskapar som ein også treng i læraryrket: Balanse, styrke, kompetanse, fokus og overblikk, fortel han. Kampanjen har også ei eiga nettside www.blilærar.no, der ein blant anna kan vinne ei gratis draumehelg i Volda.
Nyhende →
Satsar friskt på rekruttering
Skulekritet og læraren si brune kordfløyelsbukse er bytta ut med våtdrakt og surfebrett i ein storstilt rekrutteringskampanje frå Høgskulen i Volda.