Årsskriftet til Ulstein Historielag, Levd liv, ligg føre. I årets utgåve er krigen og fredsdagane eit viktig tema. Men her er også fersk historie: Den såkalla Trekantsaka var avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik.

I år er det 10 år sidan dei siste og avgjerande vedtaka i Trekantsaka i Ulstein, eller Tre-i-eitt-prosjektet som saka oftast er kalla i kommunale dokument. Kven fekk ideen? Når kom saka aviser og publikum for øyre? Når gjorde kommunestyret dei viktigaste vedtaka? Kvifor vart Trekantsaka så avgjerande for utviklinga i Ulsteinvik? Alt dette og mykje meir kan du no lese om i artikkelen som også er rikt utstyrt med bilete av dei mange aktørane i saka.

Levd liv 2015 er på heile 180 sider og rommar 15 artiklar, alle saman illustrerte med bilete. Her kan du lese om Song- og musikklivet på bedehuset (Tormod Ulstein), Kvernhusa på Flø (Olav Lynge), Historia om Inga Ulstein (Solveig Kristensen), Kvernhuset og Dragsundraidet (Lars Inge Breivik), Flukta over havet (Øystein Dimmen), Porsanger–Ulstein tur–retur (John Osnes), Ulsteinkvinne minnest oppbyggingsåra i Finnmark (Arvid Petterson), Historia om Peder F. Waage (Brita Waage Linge), Fløgut med krigsinnsats og lokalt engasjement (Knut Kleiven), Krigen og fredsdagane i Ulstein (Asle Geir Widnes Johansen), Skuleplass og talentfabrikk (Jon Gjerde), Straumane Handelslag (Tore Hasund), Fiskebåtar frå Hasund og Dimnøy på 1900-talet (Leif P. Dimmen) og Nokre barndomsminne (Ottar Kaldhol med teikningar av Louis H. Røren).

Ulstein Historielag sitt mål med Levd Liv er å knyte band bakover og slik vere med på å skape større interesse og kunnskap om den lokale historia. Opplaget i år blir på 800, fortel leiar i Ulstein Historielag, Aksel Hauge. Han er klar på at dei aldri hadde klart å skape Levd liv utan at dei mange velvillige forfattarane og informantane rundt om i bygdene i Ulstein.

Asle Geir Widnes Johansen er redaktør for boka. Han har også skrive artikkelen om Trekantsaka. Ulstein Historielag gir ut boka i samarbeid med Osberget.