Inkassoselskapet Lindorff har samla ferske konkurs- og betalingsmerknadstal, som vi ser at heile 19 av 190 aksjeselskap i Hareid var registrert med betalingsmerknader ved utgangen av andre kvartal i år. Det var også eitt av desse selskapa som i løpet av åra blei nøydd til å attrå oppbod.

På landsbasis var det totalt 1.238 aksjeselskap som gjekk konkurs i løpet av første halvår, noko som svarar til 0,5 prosent. 24.118 selskap stod registrert med ei eller fleire merknader ved utgangen av andre kvartal på landsbasis, som svarar til 8,8 prosent av totalen, ein auke på 4,4 prosent frå i fjor.

Flinke til å gjere opp for seg

Kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorff fortel at situasjonen i Hareid skil seg frå landsgjennomsnittet på fleire område.

– Samstundes som Hareid ligg over snittet i talet på svartelista selskap, ligg den totale gjelda langt under snittet. I tillegg ser vi ei markant betring når det gjeld storleiken på misleghaldet. Dette betyr at dei svartelista selskapa i Hareid er flinke til å gjere opp for seg, og samla sett er situasjonen lysare enn talet på svartelista selskap hintar om, seier Eikemo.

Den samla gjelda blant dei svartelista selskapa i Hareid ligg på over 1,1 millionar kroner, noko som gir eit snitt på 60.000 kroner.

Oljepriseffekten er tydeleg, ifølgje Eikemo.

– Oljenedturen byrjar å setje spor i norsk økonomi, og vi ser at misleghaldet stig markant blant underleverandørbransjar som ingeniørar, konsulentar, IT og bemanning, seier Stig Inge Eikemo avslutningsvis.