Men at FrP stemte mot skatten og samtidig stemte for eit budsjett som innebar eigedomsskatt, fekk enkelte – mellom dei Venstre og KrF - til å kome med kritiske hint.

Kjartan Grimstad (FrP) fann kritikken urettferdig. – Kvart år har vi lagt fram vårt eige budsjettforslag, sjølv om vi visste at vi ville bli nedstemt. I år har vi ikkje gjort det.

- Djupt urettferdig skatt

Debatten opna med at Bernt Brandal (Folkelista) slo fast at staten er rik medan kommunane er fattige. – E-skatten er ein djupt urettferdig dobbelskatt. Men vi har ikkje høve til å velje. Det har staten gjort for oss. Det er ikkje muleg å få til eit forsvarleg Hareid-budsjett utan E-skatt. Men eg vil arbeide for å få avvikla skatten så tidleg som råd, sa han.

Truls Håbakk (FrP) meinte kommunen måtte innføre E-skatt fordi kommunestyret ikkje var villig til å sjå på omstruktureringar og nedleggingar.

Marit Øien Sæverud (KrF) peikte på at innføring av E-skatt var ei kriseløysing.

Ottar Røyset (H): - FrP har ikkje monopol på å vere kritiske til E-skatt.

Annika Brandal (V): - Ingen i kommunestyret vil ha E-skatt.

Kjetil Nesset (Folkelista) viste - som kollega Bernt Brandal – til at staten sit med nøkkelen. Han ville derfor sende ei særleg appell til FrP, som har finansministeren. - Per 24. juni i år hadde 341 av 428 kommunar E-skatt, og sidan då har det auka til fleire.

Stian Runne Brandal (AP) sa seg også i prinsippet i mot E-skatt og at det ikkje burde vere forskjellar frå kommune til kommune. - Det burde i staden vere styrt frå staten, sa han og gav Høgre ros for at dei ville svelgje ein kamel fordi det ikkje var muleg å kome unna.

Ragnhild Nedrelid (AP): - Vi går inn for 2 promille for å kunne halde på velferden. Her er ei underfinansiering overfor kommunane, sa ho og oppfordra til å jobbe meir med kommunen si inntektsside.

Stian Runne Brandal: - Eg ser for meg at vi må ha E-skatt i 2-3 år framover, dessverre, og med sakte nedbygging dersom vi ser at det går betre. Men E-skatt skal ikkje vere ei evig løysing.

Les også: Hareidbudsjett med helsehus og sentrumsutvikling