Ulsteinvik Skulekorps var i helga med på korpskonkurransen Nordvesten Møre og Romsdal 2016, på Skodje.

Korpset vann førsteplass janitsjar i 3.-divisjon, og fekk også tilleggspris for beste instrumentalgruppe på kornsett.

Mandag ettermiddag vart prisvinnarane feira med pizza og diverse anna snadder i Reitensalen.

- Dette var veldig kjekt for oss. Vi har øvd intenst før konkurransen, og førsteplassen - og dei gode tilbakemeldingane frå dommarane, har synt musikantane at det nyttar å terpe. Vi har blitt betre på det vi har øvd på, oppsummerer dirigent Jette Hhougaard Holstad.

Ho har vore dirigent for Ulsteinvik Skulekorps sidan 2002, og har fått erfare at korpsbransjen har sine opp- og nedgturar.

- Men no føler eg det går oppover med Ulsteinvik skulekorps. Her er ein iver blant musikantane, og det verkar som om dei har det kjekt i lag. I fjor sommar var vi på tur til italia, og det har nok gitt både samhald og inspirasjon, legg ho til.

Ulsteinvik Skulekorps tel no 35 musikantar, og har fem aspirantar.

- Vi håper på endå fleire til hausten, smiler dirigenten.

Meir i papir torsdag.