Onsdag morgon oppdaga Torill Teigene Tyslym at nokon har sett opp skilt med «privat parkering» på to av parkeringsplassane ho eig i Hareid sentrum.

Teigene Tyslum har ein eigedom i Hareid sentrum der det bur fleire leigetakarar. Til eigedomen høyrer det seks parkringsplassar mot Rådhusplassen. Onsdag morgon oppdaga ho at det var sett opp skilt med «privat parkering» på to av plassane. Også bilnummera var ført opp.

- Eg har funne ut at den eine bilen er heimehøyrande i Ulsteinvik, den andre på Sunndalsøra, fortel Teigene Tyslum. Den eine bilen stod parkert på plassen, og har i følgje Teigene Tyslum stått der ei god stund.Ho har no fjerna skilta, og vurderer å melde saka til politiet.

- Å setje opp skilt med «privat parkering» på annan manns eigedom er så frekt at eg har ikkje ord, kommenterer ho.

Dei seks parkeringsplassane vil no bli skilta på anna vis, og leigetakarane i huset hennar skal få utdelt parkeringsbevis, slik at dei skal ha høve til å bruke parkeringsplassane. Hittil har dei blitt brukt mykje av folk som jobbar i Hareid kommune og Nav, men Toril Teigene Tyslum slår fast at ingen av dei to som er registert som eigarar av bilane jobbar i Hareid kommune.