- Ved å investere i denne krana vil vi auke løftekapasiteten her ved Ulstein Verft. Vi vil også bli betre rusta for satsinga vår innan ettermarknad, og vi vil kunne tilby eksterne tenester då krana kan fraktast rundt på lekter, fortel avdelingsleiar Service Håkon Langeland i Ulstein Verft. Lang og grundig prosess Ulstein Verft har gjort grundig arbeid i forkant av investeringa på omlag 5 millionar euro, og har hatt fleire, alternativ til vurdering. - Vi har mellom anna vore i forhandlingar med kranleverandørar i Spania og USA, men vi hamna på Terex i Tyskland då dei kunne tilby ein god kontrakt på ei kran med dei kapasitetane vi var ute etter. Terex sitt tilbod hadde ei passande leveringstid til ein konkurransedyktig pris, seier administrerande direktør Karsten Sævik i Ulstein Verft, som legg til at krana skal leverast i veke 50 i 2009. Mange typar oppdrag Ulstein har vore på jakt etter ny kran ei tid no, for å kunne både utføre tyngre løft på eige verft og samtidig kunne tilby eksterne kundar denne servicen. Ulstein Verft har frå før to eldre kraner som begge no vil verte erstatta av den nye. - Når vi tek i bruk den nye krana vil vi kunne ta på oss mange fleire ettermarknadstenester. Her heime vil vi kunne tilby reiarlaga fleire tenester innan løft, skifting og oppmontering av utstyr som til dømes kraner, tårn og Arammer. Ved å flytte krana på lekter vil vi kunne bistå innanfor ei rekkje typar tunge løft, både ved verft og anna type verksemd der stor krankapasitet er naudsynt. Vi vil også kunne utføre løft offshore, fortel Håkon Langeland. Kursing for tilsette - I kontrakten er det også lagt inn gode avtalar i forhold til oppstart og kursing. Dei som skal jobbe med krana vert sende til Tyskland for opplæring, og i oppstartsfasen vil Terex sende ein person som skal bistå ved samansetjing og oppstart i 12 dagar her ved verftet, fortel Sævik.
Nyhende →
Ulstein investerer i stor beltekran
Ulstein Verft har signert kontrakt om kjøp av ei stor beltekran. Krana er av typen Terex CC2800-1 og har heile 600 tonns løftekapasitet. Innkjøpet av krana er ei stor investering for Ulstein Verft.