Flaskene er laga av kompositt, noko som gjer dei dyrare enn andre propanflasker. Ein kan anslå at ei flaske gassflaske er verdt rundt 1000 kroner, melder politiet. Både bil og person vart identifisert av politiet ved hjelp av overvakningsutstyret på bensinstasjonen, og personen har no meldt seg til politiet, og lovt å levere flaskene tilbake. Mannen påsto at pengemangel var årsaka til ugjerninga. Verdt å legge til er at politiet rundt kl. 1300 i dag fekk melding om at 3 tomme flasker av samme type vart levert inn hos Shell i Ørsta. Pantesummen vert oppgitt til å ligge mellom 2000 og 3000 kroner. Det er ikkje stadfesta om det er ein samanheng mellom hendingane.