Møre-Nytt skriv i dag at ei utviding av rettskretsen vil sikre tingrettseksistensen i Volda. Domstol-administrasjonen i Norge arbeider nemleg med ein plan for å redusere dagens tal på tingrettar frå 66 til i overkant av 30. Då er det viktig å posisjonere seg.

Volda-rådmannen meiner det er viktig å halde oppe eit juridisk miljø i regionen - og ikkje minst unngå unødvendig tidstap i samband med rettslege prosessar.

For å få full effekt av dei nye vegsambanda her i regionen (Kvivsvegen og Eiksundsambandet) ser voldingane føre seg at også Hornindal, Stryn, Selje, Vågsøy og Eid bør kome inn under Volda. Desse soknar i dag til Fjordane tingrett i Førde.

Får voldingane som dei vil, vil den framtidige tingretten i Volda tene desse kommunane: Volda, Ørsta, Herøy, Sande, Vanylven, Hareid, Ulstein, Hornindal, Stryn, Selje, Vågsøy og Eid.