Eit ektepar, som ikkje er busette på Hareid, var i oktober i fjor på ein pubrunde på Hareid. Ekteparet, som er av utanlandsk herkomst, drakk øl og vart berusa.

Ved stengetid byrja dei å krangle. Dei gjekk mot utgangsdøra og fortsette krangelen der.

På same tidspunkt var eit sambuarpar frå Hareid, pluss ei venninne av dei, på veg ut døra og heim. Også dei hadde drukke alkohol, og eit vennepar skulle køyre dei heim.

Slo kona si

Frå bilen observerte dei  det kranglande ekteparet, og alle i bilen oppfatta at mannen slo kona si. Dei gjekk derfor ut for å gripe inn. Ingen av dei i bilen kjende paret frå før. Dei fekk skilt ekteparet, og ringde politiet. Den aggressive mannen vart med den eine hareidskvinna over til andre sida av parkeringsplassen for å roe seg ned og fortelje kva som hadde skjedd. Han fortalde at han var irritert på kona fordi han meinte ho hadde flørta med andre menn inne på puben.

Dette skjer medan den andre hareidskvinna og sambuaren hennar tek seg av den utanlandske kvinna. Mannen frå Hareid prøver å roe henne ned, og må to til tre gonger ta henne på skuldra og be henne om å setje seg. Dette fordi ho ønskjer å gå bort til ektemannen sin. Språkproblem gjer det vanskeleg å kommunisere.

Slo sambuarparet frå Hareid

Men brått kjem mannen springande over parkeringsplassen og slår mannen frå Hareid ein gong i tinningen med knytta hand. Resultatet er at mannen fell ned på asfalten, og misser medvitet for ein kort periode. Han kjem til seg sjølv igjen, og set seg opp på kne. Han har store smerter i hovudet, og det blir kaotisk på staden. Sambuaren kjem til,  og ho  spør den aggressive mannen om kvifor han slo, og ho ber han om å forlate staden. Noko som resulterer i at han slår henne i hovudet.

Etter dette forlet det utanlandske paret åstaden saman. Politiet kjem etter kvart til, og sambuarparet frå Hareid blir køyrde til legevakt i Volda for sjekk.

- Vald, eit markant samfunnsproblem

I sakspapira til Sunnmøre tingrett står det mellom anna at vald er å sjå på som eit markant samfunnsproblem, og at det er eit generelt inntrykk at utviklinga har gått i retning av stadig råare og meir brutal vald.

Konsekvensen av den aggressive barkvelden er at Sunnmøre tingrett har dømt mannen til fengsel i 60 dagar, utan vilkår. I tillegg er han dømd til å betale sakskostnader til det offentlege med 2500 kroner.