Omlag 400 festpynta bygdefolk feira 17. mai i Hareidhallen, der born og unge sto i fokus og der ordførar Anders Riise fekk ei utfordring i høve 100 års jubileet til Hareid kommune i 2017.
På programpost med mange flotte innslag, deltok også 6. klasse ved Hareid skule. Dei hadde fått utfordringa om kva dei ville gjort i kommunen om dei fekk vere ordførar for ein dag. Klassa hadde i fellesskap jobba fram eit svar som dei framførte under familiefesten. Det var Thyri Øvrelid (11 1/2 år) som fekk det ærefulle oppdraget med å formidle svaret. "Då ville vi ordna til aktivitetsmoglegheiter i parken i Hareid sentrum, noko vi har sakna lenge", svara ho. "I tillegg ville vi tetta holene i vegane i kommuna og vi ville også gitt pengar til turngruppa", avslutta ho. Det vart applaus frå salen og 6. klassa framførte songane sine som handla om både fred og barns rettar, flott leia av lærar Ingrid Fjørtoft.
Programleiaren for festen, Bente Andreassen Pilskog, stadfesta at det måtte vere ideelt å ordne parken i høve Hareid kommune si 100 års markering i 2017.
17. mai-komiteen takkar innbyggarane i kommunen for godt oppmøte i både barne/borgertoget og feiringa i Hareidhallen. Komiteen vil samtidig rette ein stor takk til korpsa og til dei som bidrog til underhaldning på familiefesten og ikkje minst til alle sponsorane. Godt teamwork!