I rekneskapsrapporten for mars 2016, som Hareid formannskapet fekk på bordet i siste møte, kom det fram at det er for låg grunnbemanning på somatisk eining på kveldstid for å sikre forsvarleg drift. Både på somatisk avdeling og bu- og habilitering trengst det fleire stillingar, fire til saman. Det er også forventa auke i behov for ressursar til brukarstyrt personleg assistent.
Truls Håbakk (Framstegspartiet) stilte spørsmål om dette. Er det personale som er «kjekt å ha» eller for å følgje lova?
Kommunalsjef for velferd, Berit Aasen, svara at ho nemnde dette for dei i november også. Ho fortalde at ho har brukt av vikarbudsjettet for å stette ei forsvarleg drift.
– Det er heilt nødvendig, slo Aasen fast. No blir det vurdert frå dag til dag, noko som er dyrt. Det hadde vore rimelegare å auke grunnbemanninga.
Når dei no bemannar opp, må kommunen betale det som overtid, det er lite føreseieleg for dei tilsette og kommunalsjefen må nytte tid på å ringje rundt og skaffe vikarar.
– Når folk jobbar 80 %, mistar eg 20 % av kompetansen deira.