Orda kjem frå Einar Holm, ordførar i Hareid gjennom 16 år, og med 32 års fartstid som fylkestingspolitikar. Pluss mange andre verv.
Holm kallar heile prosessen rundt kommunesamanslåing for ei håplaus forestilling. Heilt frå starten av.
- Regjeringa kastar ut ein ide om at dei skal redusere talet på kommunar dramatisk, og lanserer også at fylka skal omorganiserast til få regionar. Men i forkant burde det vere klart kva nye oppgåver som skal overførat til kommunane. Det einaste konkrete eg har registrert er folketannrøkta. Og for å organisere den trengs det ikkje større einingar, kommentrer Einar Holm.
Dersom det var kome klare signal om at kommunane skulle ta større ansvar for vegnettet, ferjer, vidaregåande skular og liknande, hadde saka vore annleis.
- Eller viss Høgre og Framstegspartiet var klare til å gjennomføre kongstanken sin om å legge ned fylkeskommunane. Då kunne eg forstå at det var behov for større einingar. Men noko slikt ligg ikkje føre som forslag. Det einaste som står att er slagordet «robuste kommunar», og eg har ikkje klart å forstå kva som ligg i det.
Einar Holm fortel at han i 1964 kom som lærar til Radøy, ein kommune nord for Bergen. Der var dei akkurat ferdig med prosessen å slå saman fire kommunar. På øya var det tidlegare fire kommunar, som då hadde blitt til ei.
- Manger fekk kommuneadministrasjonen, og det skjedde akkurat det same som andre stader der kommunar har blitt slått saman; voksteren kom der kommuneadministrasjonen vart lagt, og det vart tilsvarande nedbygging dei andre stadene, seier Holm.
Han har vore nedatt til Radøy fleire gonger, og ser at Manger har vakse seg til ein tettstad. Manger har blitt som ein magnet på offentlege institusjonar, forretningar og bedrifter, og utkantane ligg avmagra igjen.
- Det trur eg vil skje i den prosessen vi no er inne i på Sunnmøre også, kommenterer han.›
- Tøvprat
Einar Holm meiner storkommunen Ålesund er heilt uaktuelt for Hareid. Runde kommune har han derimot sett positive sider ved, men likevel forkasta.
- Herøy har allereie varsla at dei ikkje vil gå inn for Runde kommune. Då står vi etter mitt syn att med ei løysing: Hareid åleine. Og då tenker eg ikkje taktisk, men på kva som er det beste. Ytre Søre Sunnmøre har hatt ei rivande utvikling som har kome alle fire kommunane til gode. Det er fire sterke kommunar. Ei løysing med fire rådhus pluss ein administrasjonsstad som skal hyse rådmann, ordførar og administrasjon er berre tøvprat. I politikken er det kjøtvekta som tel, og ein intensjonsavtale gjeld ikkje lenger enn til nytt politisk vedtak er gjort. Blir det noko av Runde kommune kjem vi til å få ein lang periode med etableringsstrid og opprivande debattar om plassering.
Han ser føre seg ein situasjon der folk vil misse nærleiken til tenestetilbod og politikarane, og dermed også mindre sjanse til å påverke.
- Det vil ikkje vere sjølvsagt at det blir lys i vindauga på grendaskulane verken på dag eller kveldstid, og det vil ikkje vere sjølvsagt at folk kan spasere til ein sjukeheim for å vitje bestemor.
Holm viser til at kommunane på Ytre Søre i fleire år har hatt eit godt samarbeid på fleire felt, og at det beste vil vere om kommunane held fram med å dyrke dette samarbeidet, i staden for å slå seg saman.