- Vi får varer frå butikkane på Hareid og vi i Hareid Sanitetslag ordnar frukosten klar, seier styremedlem Ingrid Stennes. Hareid Sanitetslag har stilt med frukost i samband med Opplev Hareid sidan fyrste gong dagane vart arrangerte.

Det var god stemning og mykje folk i Hareid bedehus i dag tidleg. Fleire benytta anledninga til å få seg frukost og sosialisere.

Heilt sidan Stennes starta i Hareid Sanitetslag i 1979, har ein av hovudoppgåvene til organisasjonen vore å drifte varmtbadet på Hareid. For å få dette til er dei avhengige av middel som dei blant anna samlar inn på basarar, ved sal av fastelavensris og av julegraut på Bigset.

- Saniteten jobbar for å fremje folkehelse, og eg meinar varmtbadet er folkehelse i aller høgaste grad. Dessutan er det eit godt trivselstiltak for born, sa Stennes.

I tillegg til å vere ansvarlege for varmtbadet, arrangerar Hareid Sanitetslag også fyrstehjelpskurs for åttande-klassingar på Hareid ungdomskule.

Jubilant

I år feirer Norske Kvinners Sanitetsforening 120 år. Ingrid Stennes fortel at det var sanitetskvinner som fyrst starta opp helsesystertjenester i Noreg, tannhelse for born, kontroll av babyar og utdanning av helsesystre. Organisasjonen vart i 1896 starta av ein av Noreg sine fyrste og sterkaste feminstar, Fredrikke Marie Qvam.

Sidan den gong har sakene NKS engasjerar seg i endra seg i takt med tida. No er blant anna kampen mot skjønnheitstyranniet og vold mot kvinner fanesaker for organisasjonen. Disse sakene bør trekke unge kvinner til jubilanten som stadig søkjer å rekruttere nettopp dei unge.